Opprop mot den Norske regjeringas boikott av Palestina
Les og signer oppropet!
*Den demokratisk valte palestinske regjeringa har vore utsett for blokade av
vesten og Israel sidan mars i fjor. Samstundes held Israel attende skattar
og avgifter som dei har kravd inn på vegne av det palestinske sjølvstyret,
og dei stengjer grenser etter eige forgodtbefinnande.
Konsekvensen av dette er ein øydelagt økonomi og ei humanitær katastrofe som
i første rekke rammar uskuldige sivile. Parallelt med dette byggjer Israel
vidare på den folkerettsstridige muren, noko som gjer ein palestinsk stat,
og ei fredeleg løysing, umogleg. I tillegg kjem stendige israelske militære
angrep mot Gaza og arrestasjon og fengsling av fleire titals palestinske
parlamentarikarar og regjeringsmedlemmer. Dette er uhaldbart.
Vi krev følgjeleg av den norske regjeringa at den fører ein politikk overfor
Israel og Palestina som byggjer på folkeretten. Sanksjonar må rettast mot
okkupanten, ikkje mot den okkuperte.
Regjeringa må: *
-
*Avslutte boikotten og ta opp normale kontaktar og kanaliserer bistand
gjennom den folkevalde palestinske regjeringa. Regjeringa må og ta initiativ
for å få andre land til å gjere det same. *
-
*Leggje press på Israel for å få slutt på dei militære angrepa,
bygginga av den folkerettsstridige muren og koloniseringa av Vestbreidda,
samt krevje at dei fengsla palestinske folkevalde blir sett fri. *
-
*Arbeide for ein internasjonal våpenembargo mot Israel.*
-
*Trekke ut norsk økonomisk støtte til Israels okkupasjon og murbygging
gjennom pensjonsfondet.*
- *Krevje at Israel trekker seg ut frå alle okkuperte område.*
*
*
Signer oppropet her